Kurv
0
kr 0,00
Me held på tradisjonen med å føra sauer til heiabeite i Ryfylkeheiene. Heiabeitet vårt er aust for Nilsebu. Den historiske driftavegen forbi Viglesdalen er den me brukar i juni når me fører sauer og lam til sommarbeite. Når dei kjem fram har dei tilgang til gress, urter, lyng, vier, snøleie og lauv. Snøleie på 800-1200 moh gjev friskt beite heile sommaren.
Dei andre sauene våre beiter i Bønardalen og på Måmyra i Årdal. Her har me 700 mål med fjellbeite på 500 moh, skog, myr og grasbeite.