Bli med på kurs

Me tilbyr ei rekkje ulike kurs gjennom året, der deltakarane får læra alt frå sylting og safting til lefsebaking og tradisjonell matlaging. Kursa har få deltakarar, tett oppfølging og avsluttast alltid med eit triveleg felles måltid. Kunnskap om planter, dyr og råvarer blir sett på som berekraft og beredskap i praksis.

For påmelding send mail til: solvem@online.no eller lise.vistnes@siegard.no

Kursoversikt 2027


06.02.27 kl 15.00 Saus og kraft med Sebastian Schläwicke frå Smaken av Ryfylke. Det blir laga eplesaus, kvitvinssaus og raudvinssaus frå botnen av, og det blir smaking med råvarer frå Ryfylke. Pris kr 1700,-


20.02.27 kl 15.00 Fermentering og sylting av grønnsaker. Sebastian Schläwicke frå Smaken av Ryfylke viser steg for steg korleis ein kan fermentere og ta vare på grønsaker på ein smakfull og sunn måte. Pris kr 1700,-


04.03.27 kl 18.00 Tradisjonsmat frå Ryfylke med Ryfylkekokken Frode Selvaag. Det blir laga klassiske rettar med lokale råvarer og gode historier frå kjøkkenet. Pris kr 2300,- Påmeldingsfrist 15.01.27.


06.03.27 kl 15.00 Lefse- og flatbrødbaking med Laila Ravndal frå Dalen Lefsebakeri. Det blir baka, kjevla og steikt saman, med fokus på gode teknikkar og tradisjonelle oppskrifter. Pris kr 1700,-

20.03.27 kl 15.00 Tacokurs med Frode Helberg frå Timmermanns bakeri. Det blir laga lefser, salsa, kjøt/fisk og spennande tilbehør for ein skikkeleg heimebaka tacofest. Pris kr 1700,-

15.04.27 kl 15.00 Sanking som beredskap. Det blir sanka spiselige vekster i nærområdet saman med Ellen Bøe. Turen går i roleg tempo, med fokus på å kjenna igjen, plukka og bruka nokre av dei mange spiselige vekstene som finst rundt oss. Pris kr 1700,-

22.05.27 kl 09.00 Frokostkurs med Frode Helberg frå Timmermanns bakeri. Det blir laga fransk omelett, russiske pannekaker, eggerøre og mykje anna frokostgøy som gir ein ekstra god start på dagen. Pris kr 1700,-

19.06.27 kl 15.00 Saft og gele av hylleblomster av Sølve Mikalsen og Lise Vistnes. Det blir laga saft og gele av hylleblomster, før det blir avslutta med eit felles måltid med heimelaga brød. Pris kr 1700,-

24.07.27 kl 13.00 Bringebærbonanza av økologiske bringebær. Det blir plukka, smakt på og laga både syltetøy og saft av bringebæra som veks på Sie gard, saman med Sølve Mikalsen og Lise Vistnes. Pris kr 1700,-

31.07.27 kl 13.00 Ripsgele og saft av økologisk rips. Vi plukker, spiser, lager gele og saft av bringebærene som vokser på Sie gard. Sølve Mikalsen og Lise Vistnes. Pris kr 1700,-

14.08.27 kl 13.00 Hermetisering og sylting av plommer. Vi plukker, spiser, hermetiserer og lager syltetøy av plommer. Sølve Mikalsen og Lise Vistnes. Pris kr 1700,-