
Om oss
Me, Lise Vistnes og Sølve Mikalsen, driv Sie gard i Årdal i Ryfylke – med god hjelp frå familien. På garden har me sauer, ammekyr av rasen Aberdeen Angus og fleire gjetarhundar. Her foredlar me lam, bær og frukt på tradisjonelt vis, med respekt for råvarene og smaken dei har i seg sjølve. Av bær og frukt frå eigen hage lagar me saft, syltetøy, gele og anna godt. I produkta våre får bær og frukt spela hovudrolla, og difor brukar me minimalt med sukker og krydder.
Sauene våre beiter i Ryfylkeheiane, der dei et gress, urter, lauv og lyng heile sommaren. Kvar juni driv me sauer og lam til beite sentralt i Storådalen, og der går dei i over to månader. Heiaføringa tek to dagar og byggjer på ein mange hundreår gamal tradisjon i Ryfylke. Anguskyrne våre beiter òg ute – på lynghei 500 moh på Måmyra og på skogsbeite i Bønardalen i Årdal, med om lag 700 dekar variert beite å velja mellom.
Det er mykje arbeid på ein gard, og kvardagen rommar mange roller - frå mekanikar og agronom til økonom og tømrar. Me er lærarar og tok over garden i vaksen alder, og har lært enormt mykje undervegs. Dei siste ti åra har gitt oss både erfaring, meistring og eit endå sterkare samarbeid.
Me jobbar for at dyra våre skal ha det godt heile året, og me trur det kjennest og smakar i det me lagar.



