Siegard

Tradisjonell og naturleg mat frå Ryfylke

Sie gard ligg i Årdal i Ryfylke. Me foredler lam, bær og frukt på tradisjonelt vis. Bær og frukt spelar hovudrolla i syltetøyet vårt. Det er difor ikkje krydra og har lite sukker. Spekematen vår er røkt og tørka skikkeleg. Lamma har vore på utmarksbeite i Ryfylke.  Dei beitar på gras, urter, i skog, på myr og på lynghei. Kjøtet er vidareforedla hjå Vikedal Gardsmat på tradisjonelt vis. Me jobber for at dyra våre skal ha det godt heile året. 

Du finn produkta våre hjå Ryfylke bakeri i Årdal (Gea), Spar på Hjelmeland, Joker på Fister og hjå Madla Handelslag. Me er og til stades på Reko-ringen i Ryfylke og i Stavanger/Sandnes. Før jul er me å finne på fleire julemarknader. Restauranten "Smaken av Ryfylke" i Hjelmeland lager mykje god mat av lammelår i september og oktober, samt pinnekjøtet i november og desember. 

Slitne lam på vei til seters
Slitne lam på vei til seters

Sauene våre beiter i Ryfylkeheiane. Der et dei gress, urter, lauv og lyng heile sommaren.

Grasfora Angus kyr
Grasfora Angus kyr

Anguskyrne våre beiter på lynghei 500 moh på Måmyra og på skogsbeite i Bønardalen i Årdal. Dei har 700 dekar med variert beite å velge mellom.

Tradisjonsrik heiagang
Tradisjonsrik heiagang

Utmarksbeite i Ryfylkeheiene

Me driv sauer og lam til beite sentralt i Storådalen kvar juni. Der går dei i over to månader. Heiaføringa tar to dager og bygger på ein mange hundreår gamal tradisjon i Ryfylke.

Om Sie gard, vi som driver gården og dyrene våre

Lise Vistnes og Sølve Mikalsen driv garden i Årdal med god hjelp frå familien. Dei har sauer, ammekyr av rasen Aberdeen Angus og gjetarhund. I tillegg er det noko produksjon av saft, syltetøy og gele frå bær og frukt frå hagen deira.